|
|
Mexicos keeperlegende bytt inn: – Eit vakkert siste kapittel Guillermo Ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for Mexico i 3-0-sigeren over Tsjekkia. Og det på heimebane, på den mektige Azteca-stadion i Mexico by.
– Min første kamp; Azteca. Min siste kamp; Azteca. Eit vakkert siste kapittel i min karriere. Takk skal dykk ha, alle saman, sa keeperlegenda på mexicansk TV etter kampen.
Mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens Tsjekkia no er ute.
Etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause.
Det starta på Mexico sin halvdel, før Romo spelar gjennom Mateo Chávez som hamna aleine mot keeper. Han sikra Mexico sitt første mål i kampen.
Seks minutt etter skåra Julián Quiñones det andre målet for Mexico.
Eit fullsett Azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende Guillermo Ochoa blei bytt inn. Han har vore involvert i seks VM-sluttspel, men berre spelt i fire.
Tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. Álvaro Fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå Ochoa.
– Han er et eksempel for oss alle. Han er den første som kjem på treningssenteret, og den siste som drar, seier målscorar Chávez om Ochoa.
– Dette er glasuren på kaka for ein fantastisk karriere. Han er eit forbilde, han har veileda gruppa med sin erfaring og eg er veldig glad på hans vegne, seier Chávez. |
Publisert: 02:56 25-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 25-06-2026 klokken 07:58. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/mexicos-keeperlegende-bytt-inn_-_-eit-vakkert-siste-kapittel--1.17935042 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 1 klikk.
|
|
|