|
|
Jæger: Tok NM-gull på 400 meter Henriette Jæger innfridde forventningane og tok gullet på 400-meteren under NM i Friidrett i Trondheim.
23-åringen, som nyleg sette noregsrekord med 49,15 under Diamond League i London, krysset mållinja på tida 50,41.
– Det ser greitt ut. Eg er fornøgd, sa Jæger om tida si etter løpet.
Likevel var det ikkje heilt slik ho såg for seg at løpet skulle bli.
– Dei som kjenner meg veit at eg kan bli litt lei meg når eg ikkje heilt får til det eg ynskjer. Eg hadde lyst til å sjå 49-talet i dag, det er ikkje så rart det. Men eg gav mitt i dag og så var det her det heldt til, utdjupar ho.
Sjølv om Jæger ikkje var fornøgd med resultatet, sette ho ny meisterskapsrekord på distansen.
– Det nærmar seg eit EM, korleis kjennest det ut no for deg?
– Det kjennest bra ut, eg glede meg mykje, la ho kort til.
EM i Friidrett startar 10. august og tar plass i Birmingham.
Mor og trenar Unn Merete Jæger var fornøgd med dottera si prestasjon, trass vêret under meisterskapen.
– Forholda er vel ikkje heilt optimale, det er ganske kaldt og litt regntungt, men eg synest ho setter saman eit veldig godt løp. Under litt tunge forhold så er det her veldig bra. |
Publisert: 19:59 23-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 24-07-2026 klokken 00:07. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/jaeger_-tok-nm-gull-pa-400-meter-1.17967566 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|