|
|
Ingebrigtsen stupte inn til 4.-plass Jakob Ingebrigtsen leia nesten under heile 1500-meteren i finalen i Diamond League i Brussel fredag kveld, men fekk det tøft på tampen av løpet og vart henta inn.
Nordmannen stupte i mål til ein 4.-plass.
– Den mest offensive starten vi har sett frå Ingebrigtsen etter comebacket, sa Post på NRK si sending frå finalen i Brussel.
Cameron Myers vann 1500 meteren i Belgia foran Koech frå Kenya og Strand frå USA.
25-åringen frå Sandnes gjorde comeback på løpebana under EM i Birmingham tidleg i august, der han tok gull på 5000 meter.
Før kveldens finale i Brussel har han konkurrert på 1500 meter berre to gonger i år.
Under Diamond League i Silesia 23. august enda han på ein 4.-plass. Under stemnet i Zürich førre veke sprang han inn til ein 5.-plass. |
Publisert: 19:34 04-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-09-2026 klokken 21:44. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ingebrigtsen-stupte-inn-til-4.-plass-1.18014998 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 1 klikk.
|
|
|