|
|
Svarar Ingebrigtsen etter «tapar»-utspel: – Framstår sutrete Jakob Asserson Ingebrigtsen blei nummer fire på 1500-meteren under Diamond League-finalen i Brussel fredag.
Etter løpet gjekk han hardt ut mot konkurrentane og kalla dei for «ein gjeng med taparar».
Laurdag slår rivalen Cole Hocker tilbake mot løpestjerna.
VG prata først med konkurrenten.
Til NRK seier manager, Ray Flynn:
– Han vinn ikkje 1500 meter lenger og det taklar han ikkje, og han prøvar derfor å leggje sine eigne feil over på andre løparar. Han framstår no som ein sutrete løpar, og det er totalt respektlaust, seier Flynn.
Hocker har OL-gull frå 2024 på distansen, medan Ingebrigtsen ikkje har vunne han på to år.
Laurdag morgon var Ingebrigtsen ute på Instagram med ei erkjenning om at kommentaren var i overkant.
– Kjærleiken min til denne sporten kan det aldri stillast spørsmål ved. Det var kanskje litt for mykje adrenalin og kjensler i sving då mikrofonane blei stukne framfor meg i går kveld, men eg kjem alltid til å seie ting slik eg ser dei, skriv han. |
Publisert: 12:59 05-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 05-09-2026 klokken 15:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/svarar-ingebrigtsen-etter-_tapar_-utspel_-_-framstar-sutrete-1.18015356 Artikkelen har til nå hatt 5 visninger og 0 klikk.
|
|
|