|
|
Luis Pimenta får sparken frå Sogndal Fotball Det melder klubben i ei pressemelding.
Sogndal Fotball vedtok tidlegare å gjennomføra eksterne undersøkingar. Grunnen var «motteke bekymringsmeldingar og interne undersøkingar vedrørande hovudtrenar Luis Pimenta», skriv dei i meldinga.
Dei har måndag avslutta arbeidsforholdet til Pimenta. Klubben vil ikkje kommentera saka ytterlegare no.
Det har tidlegare kome fram at bekymringsmeldingane gjeld påstandar knytt til åtferda til Pimenta og til haldningane hans.
Eirik Bakke held fram som hovudtrenar ut sesongen.
– Me er glade for at Eirik ønskjer å halda fram som hovudtrenar. Han kjenner klubben svært godt og har gjort ein viktig jobb for klubben og laget dei siste månadene. Me opplever at han har skapt ro, tryggleik og utvikling, seier dagleg leiar Ingrid Narum.
Bakke har vore mellombels hovudtrenar sidan slutten av juni. |
Publisert: 18:16 07-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-09-2026 klokken 20:42. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/vestland/luis-pimenta-far-sparken-fra-sogndal-fotball-1.18017277 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|