|
|
15-åring sentral i Vålerenga-seier – vidare i cupen I ei veke der supporterbråk har stått i fokus hjå Vålerenga kunne spelarane glede seg over ein sportsleg opptur torsdag kveld.
For det vart ingen cupbombe på Nordre Åsen stadion. VIF slo Skeid 4–1 og sende «veslebror» ut av cupen i andre runde.
Vålerenga tok tidleg føringa. Petter Strand fekk sette ballen i høgre krysset etter litt hjelp av fingertuppane til Abrahamsen i Skeid-målet.
Kaptein Ivan Näsberg dobla til 0–2 like etter pause. 15 år gamle Gabriel Rajkovic punkterte kampen, då han la på til 0–3.
Lucas Haren varta opp med eit perlemål på frispark etter 77 minutt.
– Det var ein fin kamp, med målpoeng. Eg skapar mykje. Vi undervurderer dei ikkje og vi gir hundre prosent, sa 15-åringen til TV 2 etter kampen.
Rajkovic er blitt kopla til store klubbar som både Barcelona og Manchester United.
– Eg prøver å ikkje tenke så mykje på det. Men det er veldig kult å høyre.
Heimelaget fekk eit trøystemål på tampen signert Kristoffer Ødemarksbakken.
Vålerenga gjekk onsdag ut mot eigne supporterar etter at tapet mot erkerivalen Lillestrøm enda med omfattande hærverk på Åråsen laurdag. |
Publisert: 17:50 17-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 17-09-2026 klokken 20:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/15-aring-sentral-i-valerenga-seier-_-vidare-i-cupen-1.18028494 Artikkelen har til nå hatt 5 visninger og 0 klikk.
|
|
|