|
|
Bayern München sin trenar kollapsa på treningsfeltet Hovudtrenaren til Bayern München, Vincent Kompany, vart frakta til sjukehus etter å ha kollapsa på treningsfeltet, melder klubben sjølv.
– Vincent Kompany måtte fredag få medisinsk behandling etter å ha kollapsa under ei trening for FC Bayern sitt amatørlag, heiter det i ei uttale frå Bundesliga-klubben.
Han skal ha sett på ei andrelagstrening då hendinga skjedde.
Klubben skriv vidare at Kompany vil gjennomgå grundige undersøkingar på sjukehuset og vere under medisinsk tilsyn.
– Helsa til Vincent Kompany er vår høgste prioritet. Vi i FC Bayern kjem til å gjere alt vi kan for å sikre at han blir tatt hand om raskt og håpar på rask betring, står det vidare i pressemeldinga.
Inntil vidare vil trenarteamet hans leie treningar og kampar. FC Bayern sin neste kamp er mot Freiburg søndag. |
Publisert: 16:52 23-10-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-10-2026 klokken 21:30. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/bayern-munchen-sin-trenar-kollapsa-pa-treningsfeltet-1.18063277 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|