|
|
Knuste verdseliten i sesongopninga: – Sjokksiger Dei norske stjernene var mange, men skulle likevel slite mot eit ukjend talent under den nasjonale sesongstarten i skiskyting på Geilo.
Guro Ytterhus imponerte frå start til slutt, og leia i mål før dei store kanonane skulle prøve seg.
– Skal vi få ein sjokksiger av Guro Ytterhus, kommenterte NRKs Torgeir Bjørn når alt skulle avgjerast.
Verken den italienske stjerna Lisa Vittozzi eller Maren Hjelmeseth Kirkeeide klarte å hamle opp med Ytterhus som stakk av med sigeren. Kamila Zuk vart nummer tre og la seg bak Vittozzi og framfor Kirkeeide på resultatlista.
– Det var ikkje det eg forventa i alle fall. Det er veldig stas. Eg trudde aldri det skulle gå så bra, fortel Ytterhus etter at sigeren var i boks.
Ni sekund ned vart det til italienaren etter to fulle hus og ein sterk siste runde.
Ytterhus fekk debuten sin i verdscupen førre sesong og ligg i skorpa under dei beste norske utøvarane.
Juni Arnekleiv, Ida Lien, Gro Njølstad Randby og Siri Galtung Skar er på førehand dei som kjempar om ein plass til verdscupopninga i Kontiolahti.
Marthe Kråkstad Johansen, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Karoline Offigstad Knotten og Ingrid Landmark Tandrevold er allereie tatt ut. |
Publisert: 11:52 14-11-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-11-2026 klokken 14:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/knuste-verdseliten-i-sesongopninga_-_-sjokksiger-1.18081849 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|