|
|
Norsk VM-gull i parabordtennis: – Ein surrealistiske følelse Norske Krizander Magnussen (20) vann sin første VM-tittel i sitt første forsøk, under meisterskapet i parabordtennis i Pattaya, Thailand.
– Det er ein surrealistiske følelse, eg skjønnar ikkje at det er sant, sa han til NRK etter sigeren.
I finalen møtte han sterk motstand i afrikameister Sayed Youssef.
Og det vart ein tøff start for 20-åringen som låg under 2–0 tidleg mot egyptaren. Men så vann han tre sett på rappen og stakk av med sigeren, 3–2.
– No skal vi nyte siste dagen og feire med laget, sa han vidare.
Krizander Magnussen konkurrerer i klasse sju, som er ståande spelarar med nedsett funksjon i bein og armar.
Før meisterskapet hadde han eit håp om medalje, men at det skulle gå heile vegen i hans første VM, var ikkje venta. No gler han seg til dei neste dagane.
– Eg skal komme meg først og fremst heim og spele GTA VI. |
Publisert: 06:13 19-11-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-11-2026 klokken 12:34. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/norsk-vm-gull-i-parabordtennis_-_-ein-surrealistiske-folelse-1.18084659 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|