|
|
Norge får handball-VM 2025 Norge, Danmark og Kroatia skal arrangere handball-VM for menn i 2025, melde det internasjonale handballforbundet i dag. VM skal samle 32 nasjonar, og finalen skal gå i Norge. Det skal også kampane i to innleiande grupper, ei gruppe i hovudrunden, ein kvartfinale, ein semifinale og bronsefinalen. Dei norske vertskapsbyane blir Trondheim, Stavanger, Drammen og Oslo. Det blir det fjerde seniormeisterskapet på norsk jord i perioden 2020-2025, melder Norges Håndballforbund. Men det er første gong NHF arrangerer eit VM for menn. – Etter ti år uten meisterskap på norsk jord markerte EM i januar starten på ein hektisk og morosam periode for oss, seier generalsekretær i NHF, Erik Langerud. |
Publisert: 10:56 28-02-2020 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-02-2020 klokken 11:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/norge-far-handball-vm-2025-1.14922064 Artikkelen har til nå hatt 268 visninger og 1 klikk.
|
|
|