|
|
Ny hall vil gi VM-finale i Drammen – Om dei byggjer ny hall, skal vi legge finalen til Drammen, seier handballpresident Kåre Geir Lio til NRK. Norge, Danmark og Kroatia skal arrangere handball-VM for menn i 2025, melde det internasjonale handballforbundet i dag, og Norge skal arrangere finalen. – Vi treng ein hall med plass til 15.000 tilskodarar for finalen. Slik det ser ut no, er det Fornebu og ein ny hall i Drammen som er dei to aktuelle finalearenaene, seier Lio. Norge skal også arrangere i to innleiande grupper, ei gruppe i hovudrunden, ein kvartfinale, ein semifinale og bronsefinalen. Dei norske vertskapsbyane blir Trondheim, Stavanger, Drammen og Oslo. Det blir første gong NHF arrangerer eit VM for menn. |
Publisert: 10:56 28-02-2020 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-02-2020 klokken 13:33. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ny-hall-vil-gi-vm-finale-i-drammen-1.14922064 Artikkelen har til nå hatt 253 visninger og 1 klikk.
|
|
|