|
|
Hoppsjef optimistisk etter avtale Hopplandslaget har sikra seg tre nye sponsoravtalar i ei tid der koronapandemien rår for fullt.
Scantrade med Fibra er ein norsk leverandør som skal sikre klede og hopputstyr. RSM er eit revisorselskap og Lundin er eit oljeselskap – og eit av dei største på norsk sokkel.
Totalt gir avtalane ei pott på sju til ti millionar i perioden ut 2022. Avtalen med Scantrade er femårig, og varer i første omgang til 2025.
Hopplandslaget har tidlegare uttrykt ei bekymring over norsk hoppsport som følge av dårleg økonomi.
Toppidrettssatsinga med rekruttlandslaget måtte kuttast, men no har hoppsjef Clas Brede Bråthen fornya håp.
– Det er eit godt steg i riktig retning. At det er ei redning er det inga tvil om. Viss vi måtte fortsette på det nivået vi var på, så måtte vi byrje å sjå på ei nedskalering av satsinga vår på ein meir permanent basis, seier Bråten til NRK og fortset:
– Dette er eit løft som gjer at vi kanskje kan nærme oss tilbodet vi meiner vi må ha til norske hopparar på alle nivå, for å skape auka berekraft i systemet vårt. |
Publisert: 09:57 20-11-2020 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 20-11-2020 klokken 10:14. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hoppsjef-optimistisk-etter-avtale-1.15253102 Artikkelen har til nå hatt 403 visninger og 1 klikk.
|
|
|