|
|
Thompson gav seg, Ruud går vidare Casper Ruud er vidare til andre runde i Australian open. Han vann dei to første setta 6-3, 6-3, og motstandar Jordan Thompson gav opp då Ruud leia 2-1 i det tredje. Kampen varte i ein time og 32 minutt.
Thompson fekk behandling av fysioterapeut for smerter i nakke og skuldre før tredje settet, og tok smertestillande tablettar.
Men etter tre games måtte han kaste inn handkleet, og Ruud er vidare på hardcourten i Melbourne.
– Sjølv om han fekk sigeren i dag, spela han slik at han kan vere nøgd med dagen, sa NRKs radiokommentator Carl Andreas Wold.
– Det er ein god kamp av Casper. Eg trur Thompson hadde slit med å kome tilbake uansett, sa trenar og far Chrustian Ruud til Discovery.
Ruud braut eitt game i første sett og to i det andre, før han altså fekk det siste på grunn av motstandaren sin skade.
I andre runde skal han møte amerikanaren Tommy Paul, som er ranka som nummer 53 i verda. Dei møttest i Roland Garros i Paris i fjor. Då vann Ruud etter fem sett på favorittunderlaget grus.
Dagens motstandar var nummer 49. Ruud er nummer 28 i verda, og er ranka som nummer 24 i turneringa.
Ruud har aldri nådd lenger enn til andre runde i Australian Open. |
Publisert: 10:06 09-02-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-02-2021 klokken 10:30. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/thompson-gav-seg_-ruud-gar-vidare-1.15365259 Artikkelen har til nå hatt 145 visninger og 1 klikk.
|
|
|