|
|
Delaney: – Ikkje gøy å stå der Thomas Delaney var ein av spelarane som slo ring rundt Christian Eriksen medan han fekk livreddande hjelp under EM-kampen mot Finland. No fortel han korleis det var å stå rundt lagkameraten i den situasjonen.
– Vi stod der og tok avgjersla om å skjerme Christian for å skjerme legane som stod og behandla han. Og like mykje for Christians venar og familie, for det er ikkje gøy å sjå slike ting, seier Delaney på pressekonferansen før møtet med Belgia.
– Det var heller ikkje gøy for oss å stå der, men det føltes som ein måte for oss å hjelpe Christian på.
Og i dagane etter hendinga har det danske landslaget knytt sterke band seg i mellom.
– Eg har opplevd ærlegdom og kjærleik i laget dei siste dagane. Det har vore plass til alle, og alle har hatt sjansen til å vere ærlege om deira kjensler. Det har vore ein god ting, alt teke i betraktning, seier Delaney. |
Publisert: 12:54 16-06-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-06-2021 klokken 15:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/delaney_-_-ikkje-goy-a-sta-der-1.15540068 Artikkelen har til nå hatt 48 visninger og 4 klikk.
|
|
|