|
|
Haugesund slått av 3. divisjonslag Haugesund er slått ut av cupen etter straffetap for 3. divisjonslaget Stord. Etter at laga hadde teke ni straffer kvar, vann Stord straffekonken med 7-6 over eliteserielaget.
Haugesund leia kampen oppskriftsmessig 2-0 tidleg i 2. omgang, men greidde å rote det bort. Martin Pedersen utlikna for heimelaget fire minutt på overtid.
Ekstraomgangane gav ingen mål, og Haugesund rauk ut då Mads Solberg Johannessen settet sin straffe over mål.
Kristiansund måtte også slite, og låg under med to mål for Volda. Men dei greidde å snu det, og vann 4-2 etter ekstraomgangar.
Volda leia 2-0 ved pause, og hadde både ein og to sjansar til å auke tidleg i andre omgang.
Men etter KBKs redusering etter ein time, blei Volda meir og meir pressa. Utlikninga kom fire minutt før ordinær tid var ute.
I ekstraomgangane var KBK klart best og avgjorde med to mål. Brynjulfur Willumsson scora tre av KBKs mål, deriblant begge i ekstraomgangane.
Også Stabæk fekk tøff motstand. Først fem minutt på overtid av andre ordinære omgang sikra Kornelius Normann Hansen 1-0 over Follo.
Stort lettare var det ikkje for Odd. Det måtte ein straffe i det 89. minutt til før Eik blei slått 1-0.
Dei andre eliteserieklubbane som var i cup-aksjon laurdag, tok klar sigrar. Runderekorden stod Tromsø for, med 11-0 over Skånland.
Brann knuste Bjarg med 5-0, og Lillestrøm slo FuVo 4-0 |
Publisert: 16:49 24-07-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 24-07-2021 klokken 19:09. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/haugesund-slatt-av-3.-divisjonslag-1.15586303 Artikkelen har til nå hatt 293 visninger og 1 klikk.
|
|
|