|
|
Viking slapp med skrekken Alle eliteserielaga som var i aksjon i cupens 1. runde søndag, gjekk vidare.
Viking sleit mest, men slo Staal Jørpelands til slutt 3-2. Eks-Vikingspelar Even Østenstad utlikna Vikings leiing to gonger. Viking leia ved pause, men Østensen utlikna etter 53 minutt.
Men gleda blei kortvarig, for Rolf Daniel Vikstøl sende Viking til 2-1 eit par minutt seinare.
Sju minutt før full tid utlikna Østensen igjen, men på nytt svarte Viking på direkten ved Sebastian Sebulonsen.
I Mo i Rana låg det an til cupsjokk i litt over ein omgang. Rana leia 1-0 ved pause mot Bodø/Glimt. Men etter sidebyte fekk Glimt opp tempoet og vann 4-1. Lasse Nordås scora tre av måla.
Sarpsborg måtte også slite i Halden, der Kvik gav god motstand. Eit sjølvmål på overtid i første omgang og ei scoring fem minutt på overtid i andre omgang gav sarpingane 2-0.
Rosenborg hadde ingen problem med Melhus, og vann 7-0. Dei tre siste måla kom på overtid.
Vålerenga var klart best i lokaloppgjeret mot Lyn og vann 4-0.
Sandefjord hadde heller ingen vanskar, og slo Pors 4-1. Mjøndalen vann 3-0 over Åssiden.
Erling Braut Haalands fetter Albert Braut Tjåland scora siste målet då Molde slo Spjelkavik 4-1. |
Publisert: 17:59 25-07-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-07-2021 klokken 02:51. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/viking-slapp-med-skrekken-1.15587092 Artikkelen har til nå hatt 254 visninger og 1 klikk.
|
|
|