|
|
Skiforbundet slår tilbake VG Skriv i dag at Clas Brede Bråthen sin advokat oppfattar tilbodet om forlik som avvist frå Skiforbundet si side. Etter at det blei brot i forhandlingane mellom Clas Brede Bråthen og Norges Skiforbunds advokatar i går, la Clas Brede Bråthen sin advokat fram eit tilbod om forlik i saka.
– Me har i dag fått svar på vårt siste tilbod, og me oppfattar svaret frå NSF (Norges Skiforbund) slik at forliksforslaget er avvist, og at NSF heller ikkje ser noko grunnlag for å ta opp att forhandlingane. Me tar det til etterretning, melder Bråthen sin advokat, Marit Håvemoen, til VG.
Skiforbundet har i ein e-post til NRK svart på påstandane til Bråthen sin leir. Dei kjenner seg verkeleg ikkje igjen.
– Bråthens krav for å løyse saka, blei oversendt meg før forhandlingsmøte starta. Det blei avvist ved oppstart av forhandlingane onsdag morgon. Me har sidan det gjennomført intense og krevjande forhandlingar som for Skiforbundets del leia til at me sende vårt siste og endelege tilbod i går kl. 1430, skriv Skiforbundet sin advokat, Nina Sandnes.
Skiforbundet meiner tydeleg at det er urettferdig av Bråthen å legge ansvaret for forhandlingsbrotet over på dei.
– Skiforbundet har heile tida søkt løysingar og har stadig strekt seg, seinast etter at Bråthen avviste arbeidsgivars tilbod og avslutta forhandlingane sjølv onsdag ettermiddag. Når han no rykker tilbake til start og gjentar det første tilbodet som blei avvist, så kan ikkje det bli oppfatta som noko anna enn eit forsøk på å velte ansvaret for at forhandlingane blei brotne over på arbeidsgivar for å få sympati og støtte. Det er ikkje riktig, og me beklagar at Bråthen prøver å legge det fram slik. |
Publisert: 12:58 03-09-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-09-2021 klokken 16:03. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/skiforbundet-slar-tilbake-1.15636255 Artikkelen har til nå hatt 298 visninger og 2 klikk.
|
|
|