|
|
Gibraltars forsvar blir hylla Gibraltar får skryt i heimleg presse etter 1-5-tapet for Norge på Ullevaal.
– Norges håp om å bruke Gibraltar som ein plattform for å hente inn Nederlands målskilnad-forsprang blei knust av eit bestemt og modig forsvar og ein god keeper, skriv Gibraltar Chronicle, Gibraltars største avis.
Dei let seg ikkje minst imponere av keeper Kyle Goldwin. Han måtte inn på kort varsel då førstekeeper Dayle Coleing blei skadd før kampen.
– Hans redningar imponerte mange då Gibraltar prøvde å stanse angrepsbølgje etter angrepsbølgje frå Norge, skriv avisa.
Dei gir litt ekstra skryt til Graeme Torilla for forarbeidet og assisten til Reece Styches reduseringsmål til 1-3 like før pause. Men dei var skuffa over Norges femte på overtid.
– Det var skuffande at Gibraltar likevel tapte så mykje som 1-5 etter gjennom heile kampen å ha frustert Norge nok til å vise at dei ikkje er laget som lett lar seg overkøyre, skriv avisa. |
Publisert: 05:37 08-09-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-09-2021 klokken 08:26. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/gibraltars-forsvar-blir-hylla-1.15641243 Artikkelen har til nå hatt 275 visninger og 1 klikk.
|
|
|