|
|
Lunde får ikkje flytte til Moskva Handballmålvakta Katrine Lunde (41) ønskjer ein overgang frå Vipers Kristiansand til CSKA Moskva, men ho får nei.
– Eg er veldig skuffa over klubben, seier Lunde til Fædrelandsvennen.
Bakgrunnen for ønsket om å flytte, er at Lundes mann har fått tilbod om ein jobb i ein fotballklubb i Moskva.
– Det er hans tur no. Eg er 41 år, og no er det på tide å prioritere det som er best for familien. Eg hadde skjønt Vipers si side av saka om eg var ung og framstormande, men det er eg ikkje lenger, seier ho.
Lunde har kontrakt med Vipers til sommaren 2023. |
Publisert: 09:16 08-09-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-09-2021 klokken 11:58. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/lunde-far-ikkje-flytte-til-moskva-1.15641563 Artikkelen har til nå hatt 291 visninger og 1 klikk.
|
|
|