|
|
Blink i playoff, Ull/Kisa ned Stjørdals-Blink sikra seg playoffplassen i 1. divisjon etter 1-0 over Aalesund i siste serierunde. Dermed må Ull/Kisa ned i 2. divisjon, trass i 2-1 over Sogndal. Frå før var det klart at Strømmen går ned. Strrømmen avslutta med 2-0 over Bryne.
Kjetil Holand Tøsse scora målet som gav Blink ny sjanse til å stå i divisjonen. Scoringa kom etter 36 minutt.
Ull/Kisa tok leiinga over Sogndal ved Henrik Kristiansen etter 12 minutt. Kristoffer Hoven utlikna for Sogndal etter 71 minutt. Mikkel Rakneberg sette inn sigersmålet for Ull/Kisa etter 87 minutt, men til ingen nytte.
Ull/Kisa har spela i 1. divisjon sidan 2016.
Trass tapet sikra Sogndal seg omspelplass. Det gjorde også KFUM Oslo med 4-1 over Jerv.
Dei fire første plassane var klare før siste runde. Det betyr at HamKam og Aalesund rykkjer direkte opp. Jerv og Fredrikstad er nummer 3 og 4.
I første omspelkamp onsdag har KFUM heimekamp mot Sogndal. Vinnaren spelar borte mot Fredrikstad neste helg.
Andre kampar i siste runde: Fredrikstad - Ranheim 3-1, Grorud - HamKam 1-2, Raufoss - Åsane 1-1, Start - Sandnes Ulf 2-2.
Det er også klart at Stjørdals-Blink skal møte Hødd i omspelet om opprykk til 1. divisjon. Hødd spela i dag 2-2 mot Arendal, og vann 4-3 samanlagt. Første omspelkamp går i Ulsteinvik onsdag. |
Publisert: 15:59 27-11-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-11-2021 klokken 18:13. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/blink-i-playoff_-ull_kisa-ned-1.15748083 Artikkelen har til nå hatt 312 visninger og 2 klikk.
|
|
|