|
|
Åtte kvinner hoppar på Lillehammer Landslagstrenar Christian Meyer har teke ut åtte kvinnelege hopparar og håpar på ein opptur under kommande helgs verdscuprenn på Lillehammer.
Silje Opseth leverte best av dei norske hopparane under sist helgs verdscupopning i russiske Nizjnij Tagil. Der vart ho høvesvis nummer 8 og 15. Landslagstrenar Meyer håpar å ha 22-åringen høgare på listene på heimebane.
Desse hopparar er tekne ut til renna på Lillehammer. Det skal etter planen hoppast både i den store og den vesle Lysgårdsbakken:
Silje Opseth (Holeværingen), Anna Odine Strøm (Alta), Thea Minyan Bjørseth (Lensbygda), Frida Berger (Røykenhopp), Ingrid Hordvik Kleven (Kongsberg), Karoline Røstad (Skogn), Karoline Bjerke Skatvedt (Trøgstad) og Heidi Dyhre Traaserud (Heddal). |
Publisert: 10:55 29-11-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-11-2021 klokken 12:38. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/atte-kvinner-hoppar-pa-lillehammer-1.15749877 Artikkelen har til nå hatt 286 visninger og 1 klikk.
|
|
|