|
|
Utland avsluttar karrieren Fotballprofilen Lisa-Marie Karlseng Utland (29) er ferdig i Rosenborg. Ho får ikkje fornya kontrakt med klubben og avsluttar karrieren.
Avisa Nidaros var først ute med å omtale avgjerda.
– Eg var eigentleg motivert for å ta eitt år til, og målet var EM i England, men no fekk eg ikkje ny kontrakt med Rosenborg, seier ho.
Utland har i fleire år vore ei sentral brikke på det norske kvinnelandslaget. Så seint som i 10-0-sigeren over Armenia i førre veke scora ho to gonger.
Spissen står med 65 A-landskampar og 26 mål. Ho debuterte på landslaget i 2015 og har spelt i tre meisterskap.
Utland har spelt for Rosenborg de to siste sesongane. Før det var ho England-proff i Reading. Ho har også spelt for svenske Rosengård, Røa, Trondheims-Ørn, Amazon Grimstad og Fløya. |
Publisert: 15:36 07-12-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-12-2021 klokken 15:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/utland-avsluttar-karrieren-1.15760826 Artikkelen har til nå hatt 289 visninger og 1 klikk.
|
|
|