|
|
Sir Lewis Hamilton Lewis Hamilton blei onsdag adla for sin glitrande karriere i formel 1, og kan heretter setje Sir framfor namnet sitt. Han fekk utmerkinga av Prins Charles under ein seremoni på Windsor slott.
Utmerkinga får han berre tre dagar etter at han tapte den dramatiske sesongavslutninga i VM i Abu Dhabi.
Men han har frå før sju VM-titlar, like mange som legendariske Michael Schumacher.
36-åringen er den fjerde formel 1-køyraren som blir adla. Tidlegare har Jack Brabham, Stirling Moss og Jackie Stewart også fått lov å kalle seg Sir.
Men Hamilton er den første som blir adla medan han framleis konkurrerer. |
Publisert: 15:17 15-12-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 15-12-2021 klokken 15:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sir-lewis-hamilton-1.15773356 Artikkelen har til nå hatt 244 visninger og 1 klikk.
|
|
|