|
|
Slår alarm etter sponsorflukt Landslagssjef for hopparane, Clas Brede Bråthen, fortvilar etter at LO forsvann som hovudsponsor for hopplandslaget etter konflikten i vinter, og at laget framleis står utan hovudsponsor før sommarpausen startar for fullt.
– Vi er tolv til 18 månadar på etterskot. Risikoen vår dei neste tolv til 15 månadane, viss vi ikkje får inn noko som helst, er 10–15 millionar kroner, seier Bråthen til NRK.
Han har likevel trua på at det skal gå i orden, men ber om meir tid frå Noregs skiforbund, som set datoen for når hopplandslaget må ha ny sponsor på plass.
Samstundes har ikkje Alexander Stöckl skrive under på ny kontrakt som landslagssjef, men fortel til NRK at han er positiv til rolla, sjølv om sponsorsituasjonen er krevjande.
– Eg er positiv og i god dialog. For meg personleg har det ingenting å seie, men viss vi ikkje får nokon, blir det veldig alvorleg. Då blir det såpass store kutt i budsjettet at vi må seie opp folk for å halde fram på eit greitt nivå, seier Stöckl til NRK. |
Publisert: 16:37 29-03-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-03-2022 klokken 19:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/slar-alarm-etter-sponsorflukt-1.15913063 Artikkelen har til nå hatt 282 visninger og 1 klikk.
|
|
|