|
|
Nyenget suveren på NM-tremila Langrennsløpar Martin Løwstrøm Nyenget (30) var utilnærmeleg i mennenes 30 kilometer med skibyte under NM på Lygna torsdag.
Konkurrentane hang med til det var gått to rundar av klassiskdelen. Då rykka Nyenget frå og såg seg aldri tilbake. I 20 kilometer gjekk 30-åringen i einsam majestet inn til NM-gull.
Han vant framfor Harald Østberg Amundsen og Håvard Moseby som tok sølv og bronse. Ole Jørgen Bruvoll og Sjur Røthe var med i kampen om medaljane, men måtte gi tapt i spurten.
Nyenget har vist storform heilt sidan han klinka til og vann femmila i Holmenkollen tidleg i mars. I NM i Harstad gjekk han til topps i 15 kilometer klassisk. Sist laurdag vant han Reistadløpet.
Et stort felt var samla de første fem kilometerane. Etter passering på ti kilometer var Nyenget saman med Harald Østberg Amundsen, Håvard Moseby og Daniel Stock med eit endå større felt sju-åtte sekund bak..
På den tredje runden slo Nyenget til og fekk seg ei stor luke. Ved skibyte var det 20 sekund ned til plassane bak. Nyenget heldt avstanden og gjekk inn til nok ein triumf på tampen av sesongen. |
Publisert: 11:51 07-04-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-04-2022 klokken 14:24. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/nyenget-suveren-pa-nm-tremila-1.15925035 Artikkelen har til nå hatt 273 visninger og 1 klikk.
|
|
|