|
|
Meisterliga-sluttspel kan bli nesen «mini-NM» Meisterliga-sluttspelet i kvinnehandball ser ut til å bli som eit NM med over 20 norske spelarar i aksjon.
Györ (fire norske spelarar), Esbjerg (seks norske jenter i troppen) og tittelforsvarar Vipers Kristiansand er alle klare favorittar i sine kvartfinalar. Desse skal spelast i slutten av april og første veka av mai.
CSM Bucuresti (tre nordmenn i stallen) og Brest (to norske i troppen) spelar også kvartfinale.
Franske Metz er allereie kvalifisert for Final4-helgen i Budapest i starten av juni. Det blei klart etter at laget slo Borussia Dortmund og så slapp unna kvartfinale på grunn av utestenginga av Rostov Don.
Kvartfinalane: CSM Bucuresti – Esbjerg, Brest – Györ og Krim Ljubljana – Vipers.
Finalehelgen skal arrangerast i ein nybygd hall i Budapest. Den har plass til over 20.000 tilskodarar. |
Publisert: 04:46 19-04-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-04-2022 klokken 06:59. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/meisterliga-sluttspel-kan-bli-nesen-_mini-nm_-1.15935368 Artikkelen har til nå hatt 232 visninger og 1 klikk.
|
|
|