|
|
Kan miste resten av NM-finalane Storhamar risikerer å miste sin kaptein Patrick Thoresen i NM-finalen etter at det kokte over i den andre finalekampen. Han er meldt til disiplinærutvalet.
Thoresen og Stavanger-profilen Tommy Kristiansen fekk begge 20 + 5 minutt straff etter å ha banka på kvarandre. TV-bileta viser at Thoresen krysstaklar ein motspelar i stor fart.
Seint onsdag kveld var TV 2 i kontakt med Players Safety-utvalet i ishockeyforbundet. Da hadde dei ingen planar om å rapportere inn situasjonen med Thoresen. Torsdag morgon hadde dei sett situasjonen på nytt. No er han rapportert inn til Disiplinærutvalet.
Det blir stadfesta av Lars Olav Gaden i Players Safety-utvalet til TV 2.
– Det er revurdert etter nye bilete, skriv han.
Den tredje kampen i NM-finaleserien skal spelast i Stavanger fredag, og den fjerde går i Hamar søndag. Stavanger leier 2–0 i kampar. |
Publisert: 09:54 21-04-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-04-2022 klokken 13:02. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kan-miste-resten-av-nm-finalane-1.15938743 Artikkelen har til nå hatt 237 visninger og 1 klikk.
|
|
|