|
|
Gytkjær-dobbel sende Monza til Serie A Monza, som er eigd av den tidlegare italienske statsministeren Silvio Berlusconi, er klare for Serie A etter å ha slått Pisa 4–3 (6-4 samanlagt) søndag kveld.
Den tidlegare Haugesund- og Rosenborg-spissen Christian Gytkjær var svært delaktig då Monza trong ekstraomgangar for å slå Pisa.
Monza vann 2–1 i den første kampen, og i returkampen søndag sende Gytkjær laget i leiinga samanlagt då han skåra litt over ti minutt før slutt. Giuseppe Mastinu skåra for Pisa på overtid og sørgde for ekstraomgangar.
Like etter at Luca Marrone hadde sendt Monza i føringa igjen, sette Gytkjær spikaren i kista med endå ei skåring i 1. ekstraomgang.
Det gjer at Monza er klar for spel på toppnivå i italiensk fotball. Berlusconi kjøpte klubben i 2018, året etter at han selde Milan etter 30 år som hovudeigar i den italienske storklubben.
På det tidspunktet låg Monza i Serie C, men klubben rykte opp til Serie B i 2019/2020-sesongen.
Sesongen etter henta laget inn spelarar som Mario Balotelli og Kevin-Prince Boateng i eit forsøk på å gå rett opp i Serie A, men opprykkshåpet rauk i semifinalen i kvalifiseringa. |
Publisert: 10:52 30-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-05-2022 klokken 10:52. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/gytkjaer-dobbel-sende-monza-til-serie-a-1.15984049 Artikkelen har til nå hatt 240 visninger og 1 klikk.
|
|
|