|
|
Keeper-Solberg med to mål i Györ-siger Silje Solberg stoppa tvillingsyster Sanna og Esbjerg i meisterliga-semifinalen i handball. På veg mot 32-27-triumf scora målvakta to gonger.
Solberg hadde ni redningar i førsteomgangen. Det gav henne ein stopp-prosent på cirka 40. I tillegg fiksa ho to scoringar etter å ha kasta ballen over heile bana og inn i tomt Esbjerg-bur.
Utan slikt keeperspel kunne Györ ha vore i trøbbel ved pause. I staden var stillinga 15–15.
Det blei fort til 21-18-leiing for heimefavoritten litt inne i andreomgangen. Etter dette kom ikkje Esbjerg seg à jour igjen.
Dermed kunne Solberg, Stine Bredal Oftedal og Veronica Kristiansen juble for finaleplassen.
Solbergs tvillingsyster Sanna Solberg-Isaksen scora på eitt av to forsøk mot systera.
Henny Ella Reistad scora og scora, men det var ikkje nok. Med seg på det danske laget hadde ho Vilde Mortensen Ingstad, Marit Malm Frafjord, Kristine Breistøl og Marit Røsberg Jacobsen.
I den andre semifinalen spelar Vipers Kristiansand mot franske Metz seinare i kveld.
Finale og kamp om tredjeplassen skal spelast søndag. |
Publisert: 15:00 04-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-06-2022 klokken 17:54. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/keeper-solberg-med-to-mal-i-gyor-siger-1.15991302 Artikkelen har til nå hatt 254 visninger og 1 klikk.
|
|
|