|
|
Leknessunds første verdstoursiger Andreas Leknessund (23) rykka frå brotrivalane og trilla inn til solotriumf på måndagens etappe i Sveits rundt. Med det tok han sin første proffsiger.
Tromsøværingen viste kjempekrefter i røffe stigningar undervegs. Ingen i dagens brot greidde å halde tritt då han satsa på eiga hand med underkant av to mil igjen.
De siste 15 kilometerane var i lett terreng og bestod av fleire utforkøyringar. Feltet starta jakta på Leknessund for seint og kunne ikkje hindre norsk seier.
23-åringen har vore ein del av DSM-laget sidan fjorårets sesong. Før det sykla han for Uno-X.
Måndagens etappe var kupert og hadde ei strekning på 199 kilometer. Den starta i Küsnacht og hadde målgang i Aesch. |
Publisert: 15:16 13-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 13-06-2022 klokken 17:18. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/leknessunds-forste-verdstoursiger-1.16001339 Artikkelen har til nå hatt 282 visninger og 1 klikk.
|
|
|