|
|
Ny cup-utsetjing Kansellerte flygingar gjer at fleire kampar i fotball-NM må flyttast. Viking sitt møte med Kristiansund skal no spelast i oktober.
Onsdag og torsdag skulle etter planen 3. runde i cupen vore avvikla, men fleire kampar har no fått nye datoar som følgje av flykanselleringar i samband med streiken frå flyteknikarane.
Viking – Kristiansund er no flytta til 19. oktober.
– Klubbane blei einige om at det beste var å søkje kampen utsett grunna uvisse rundt om det i det heile teke var mogleg å få KBK-troppen nedover, melder KBK.
Ein av flygingane til klubben er allereie kansellerte, og det kunne vorte fleire hinder.
Frå før er HamKams møte med Tromsø flytta til 17. august og Tromsdalens 3. rundekamp mot Bryne til 11. august.
Det er òg uvisse rundt eit par andre kampar. Vi vil kome attende med meir informasjon dersom fleire kampar må flyttast, skriv NFF tysdag. |
Publisert: 08:46 28-06-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-06-2022 klokken 11:23. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ny-cup-utsetjing-1.16019762 Artikkelen har til nå hatt 238 visninger og 1 klikk.
|
|
|