|
|
Tromsø med langt steg vekk frå nedrykksplassane Tromsø passerte fleire lag med 2-1-sigeren over jumbo Kristiansund, og er nummer 9 på tabellen.
Ruben Yttergård Jenssen sette inn 1-0 etter 26 minutt og Jesse Tuominen dobla sju minutt etter pausen.
Sander Kartum reduserte etter 68 minutt, og Kristiansund pressa mot slutten, men makta ikkje å utlikne.
– Vi gjer ein flott innsats i dag mot eit KBK som er på opptur. Det er viktig å få dei poenga, og så må vi ha fokus på neste kamp, sa Tromsø-trenar Gaute Helstrup til Discovery.
Nordmøringane forverra dermed situasjonen, og er 13 poeng unna trygg plass på tabellen. |
Publisert: 18:02 14-08-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-08-2022 klokken 20:34. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tromso-med-langt-steg-vekk-fra-nedrykksplassane-1.16067557 Artikkelen har til nå hatt 244 visninger og 1 klikk.
|
|
|