|
|
Ny målfest av Brann - 1. divisjonstittelen sikra Sist helg sikra Grorud matematisk sikkert opprykk for Brann. I kveld takka Brann for hjelpa med å nedsable Grorud 7-0 i Bergen.
13.000 hadde møtt fram for å hylle Brann i første heimekamp etter at opprykket til eliteserien var sikra. Berre seks kampar i eliteserien har trekt fleire tilskodarar denne sesongen.
Brann herja vilt med botnlaget før pause, og leia 6-0 etter første omgang. Frederik Børsting (2), Niklas Castro, Fredrik Pallesen Knudsen og Mathias Rasmussen (2) banka inn dei seks måla i løpet av ein halvtime.
Brann dominerte andre omgang også, men Groruds målvakt Simen Lillevik storspela og hindra tosifra resultat. Berre Bård Finnes straffe måtte han kapitulere for etter pausen.
Med det sikra Brann seg også serietittelen i 1. divisjon. Stabæk overtok andreplassen etter 2-0 over Raufoss, medan KFUM tapte 1-3 for Kongsvinger. Både Stabæk og KFUM er 22 poeng bak Brann med seks kampar att.
Seks rundar før slutt er Brann berre sju mål bak Bodø/Glimts scoringsrekord frå 2017 på 83 mål. Med 66 poeng er det 13 poeng opp til Aalesunds poengrekord frå 2019. |
Publisert: 17:54 12-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 12-09-2022 klokken 20:57. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ny-malfest-av-brann---1.-divisjonstittelen-sikra-1.16101263 Artikkelen har til nå hatt 255 visninger og 1 klikk.
|
|
|