|
|
Belgiar dømmer Slovenia – Noreg Belgiske Lawrence Visser blir hovuddommar i laurdagens nasjonsligakamp mellom Slovenia og Noreg.
Dermed får fleire av dei norske spelarane eit gjensyn med dommaren frå 0-0-kampen mot Latvia på Ullevaal stadion i november i fjor. Då tok Visser blant anna i bruk VAR for å annullere ei scoring frå Mohamed Elyounoussi.
Visser er Belgias høgast rangerte dommar, og han debuterte nyleg i meisterligaens gruppespel då han dømde Barcelonas 5-1-seier over Viktoria Plzen.
Laurdag har han med seg Rien Vanyzere og Thibaud Nijssen på linjene, medan Lothar D´hondt er fjerdedommar.
Kampstart i Ljubljana har avspark klokka 18. Det omvende oppgjeret på Ullevaal i juni enda 0–0 |
Publisert: 10:44 21-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-09-2022 klokken 13:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/belgiar-dommer-slovenia-_-noreg-1.16112001 Artikkelen har til nå hatt 117 visninger og 1 klikk.
|
|
|