|
|
Politiet etterforskar hending på Åråsen Politiet vil starte etterforsking etter truslar og hatefulle ytringar frå ein supporter på Åråsen laurdag.
– Eg kan bekrefte at det blir oppretta ein politisak etter ei hending på Åråsen laurdag, der ein supporter kom med alvorlege truslar og hatefulle ytringar mot dommar og spelar, seier politiførstebetjent Frank Muri til VG.
Amahl Pellegrino var ein av spelarane som blei utsett for dette. Det snakka han ut om til Discovery etter kampen. Ulike gjenstandar blei også kasta ut på bana.
Først nemnde han at det var rasistiske ytringar, men dette avkrefta han til Avisa Nordland dagen etter.
– Eg sa ikkje at det var noko rasisme. Det er folk som har lagt ord i munnen min. Men det var enkelte ting som «homse», og alt det der. Det følte eg var leit. Det er slike ting som kan gjere det vanskelegare for homofile å kome ut, sa Pellegrino mellom anna til avisa. |
Publisert: 13:32 03-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-10-2022 klokken 15:48. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/politiet-etterforskar-hending-pa-arasen--1.16125493 Artikkelen har til nå hatt 299 visninger og 1 klikk.
|
|
|