|
|
Sparta hjelpte Stjernen til tabelltopp Stjernen herja med Vålerenga i Oslo og hjelpte naboen Stjernen å ta seg tilbake til tabelltopp i eliteserien ishockey.
Stjernen måtte slite mot Grüner, som leidde to gonger og hadde 3–3 til det stod att eitt minutt av kampen, men Stian Nystuens scoring 43 sekund før slutt gav heimelaget tre poeng og serieleiing.
Det var fordi Sparta knuste Vålerenga 5–1 på bortebane. Laget kopla grepet med scoringar av Henrik Knold og Erik Selin før det var spilt tre og eit halvt minutt. Sparta auka to gonger til i midtperioden og ein i den siste før Vålerenga fekk sitt trøystemål ved Tobias Lindström.
Stjernen er no eitt poeng framfor Vålerenga, som har Sparta og Frisk Asker to poeng bak seg. Sistnemnde slo Ringerike 4–2 etter å ha lege under to gonger. David Morley scora to av heimelagets mål.
Også Storhamar måtte vende til siger da Manglerud Star blei slått 4–1.
Stavanger Oilers imponerte stort då Lillehammer blei knust 8–0 på bortebane. André Strandborg, Paul Bittner og Dan Kissel scora to gonger kvar for Oilers, som i likskap med Storhamar er sju poeng bak serieleiaren. |
Publisert: 19:52 27-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-10-2022 klokken 22:18. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sparta-hjelpte-stjernen-til-tabelltopp-1.16155829 Artikkelen har til nå hatt 256 visninger og 1 klikk.
|
|
|