|
|
Molde surra bort tomålsleiing Alt var jubel og glede i Molde etter halvspela førsteomgang. Dei dominerte kampen og leia 2-0 etter scoringar av Ola Brynhildsen og Markus Andre Kaasa.
Så tok det til å kladde for dei norske seriemeistrane, og Djurgården slo tilbake. Victor Edvardsen reduserte like før pause.
Molde greidde aldri å ta tilbake initiativet i kampen i andre omgang, og Joel Asoro og Haris Radetinac snudde kampen til svensk siger 3-2.
Djurgården sikra seg dermed gruppesigeren og direkteplass i sluttspelet. Molde må ha poeng mot Gent borte i neste veke for å framleis ha ein sjanse til å gå vidare.
Gent spela 1-1 borte mot Shamrock i den andre kampen i gruppa torsdag. |
Publisert: 20:51 27-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-10-2022 klokken 23:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/molde-surra-bort-tomalsleiing-1.16156123 Artikkelen har til nå hatt 217 visninger og 1 klikk.
|
|
|