|
|
Brann avslutta med stil og poengrekord Brann slo KFUM 4-1 framfor nesten 13.000 tilskodarar i sesongavslutninga i 1. divisjon, og sette dermed poengrekort for divjonen med 81 - to fleire enn Aalesunds rekord frå 2019.
KFUM tok leiinga ved Petter Nosakhare Dahl, men så var det berre Brann. Felix Horn Myhre gav Brann 2-1 ved pause, og Niklas Castro og Bård Finne sette dei to siste på overtid.
Stabæk slo Mjøndalen 2-0 og sikra seg den andre opprykksplassen, heile 23 poeng bak Brann.
Start, KFUM, Sandnes Ulf og Kongsvinger tar kvalikplassane. Første kamp i kvaliken blir Sandnes Ulf - Kongsvinger.
I botnen var alt avgjort før siste runde. Grorud og Stjørdals-Blink rykkjer ned, men begge avslutta med siger - Stjørdals-Blink med 1-0 over Skeid, Grorud med 3-1 over Åsane.
Andre resultat i serieavslutninga: Bryne - Sandnes Ulf 0-2, Kongsvinger - Fredrikstad 0-1, Raufoss - Sogndal 0-3, Start - Ranheim 2-1.
Skeid er på kvalik-plass, og møter Arendal i kamp om ein plass i neste års 1. divisjon. |
Publisert: 14:59 29-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-10-2022 klokken 17:42. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/brann-avslutta-med-stil-og-poengrekord-1.16157987 Artikkelen har til nå hatt 272 visninger og 1 klikk.
|
|
|