|
|
Skjerpa politiberedskap i Bodø Politiet ventar at mange PSV-supporterar reiser til Bodø utan billett før torsdagens europaligamøte. Det blir teke høgde for at ikkje alle har «gode intensjonar».
Det skriv politiet i Nordland.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har pålagt PSV forbod mot å selje billettar til bortekampen mot Bodø/Glimt. Straffa kjem som følgje av supporterbråket i PSVs møte med Arsenal sist torsdag.
Nederlendarane blei også bøtelagt med 40.000 euro (413.000 kroner). Uefa grunngav bota med at PSV-tilhengjarar skal ha kastet gjenstandar, skapt forstyrringar i folkemengder og gjort øydeleggjande handlingar på kamparenaen.
Torsdag gjester PSV Aspmyra i Bodø. Det får politiet til å vere på vakt.
«I forkant av kampen er det venta at bortelagets supporterar vil følge laget sitt til Bodø, trass i at Uefa har nekta PSV å selje billettar til bortekampen mot Bodø/Glimt», skriv politiet.
«Politiet vil ha økt synleg og ikkje synleg nærvær – både før, under og etter kampen», heiter det i meldinga. |
Publisert: 12:40 01-11-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 01-11-2022 klokken 14:09. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/skjerpa-politiberedskap-i-bodo-1.16160980 Artikkelen har til nå hatt 281 visninger og 1 klikk.
|
|
|