|
|
To av tre danske spelarar har fått hatmeldingar To av tre spelarar i den danske toppdivisjonen for menn svarer at dei har mottatt hatmeldingar som ei følgje av yrket dei utøvar.
Over 250 spelarar i det danske seriesystemet har deltatt i ei undersøking spelarforeininga har gjennomført.
Totalt svarar 44 prosent at dei har mottatt det dei opplever som hatmeldingar som profesjonelle fotballspelarar.
Dei mannlege spelarane i Superligaen skil seg markant ut. Der svarar 65 prosent at dei har mottatt svært ubehagelege meldingar, medan høvesvis 36 og 12 prosent i dei lågare divisjonane har opplevd det.
I kvinnenes toppdivisjon har 5 prosent svart at dei har mottatt hatmeldingar.
– Dersom du spelar i Superligaen, er risikoen stor for å ta imot hatmeldingar. For oss indikerer det at det er ein samanheng mellom eksponering og uønskte meldingar, skriv spelarforeininga i ei kommentar til undersøkinga. |
Publisert: 09:32 09-11-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-11-2022 klokken 11:04. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/to-av-tre-danske-spelarar-har-fatt-hatmeldingar-1.16172074 Artikkelen har til nå hatt 183 visninger og 1 klikk.
|
|
|