|
|
Ny razzia blir knytt til Besseberg-saka Sveitsisk politi har ransaka hovudkvarteret til selskapet Infront i byen Zug.
Det bekreftar Infront til NRK.
Ransakinga skjer midt i rettssaka mot Anders Besseberg.
Avisa Zug Zeitung omtala saka først, og peika på at aksjonen kan ha vore ein konsekvens av Besseberg-saka i Buskerud tingrett.
Infront står sentralt i korrupsjonstiltalen mot Besseberg, som mellom anna er anklaga for å ha tatt imot ein leasingbil og fleire påspanderte jaktturar betalt av Infront.
Infront seier at sveitsisk politi gjekk til aksjon måndag denne veka.
Dei fortel også NRK at razziaen skjedde på oppdrag frå austerriksk politi.
I Austerrike pågår det ei etterforsking der selskapet Infront og noverande og tidlegare leiarar i selskapet er involvert.
Der blir forretningsforholdet mellom Det internasjonale skiskyttarforbundet og Infront ettergått.
Austerriksk økokrim undersøker om Det internasjonale skiskyttarforbundet favoriserte Infront då dei inngjekk avtalar.
– Vi tar påstandane svært alvorleg og held fram med å samarbeide med politimyndigheitene, skriv kommunikasjonsvisepresident Jörg Polzer i Infront til NRK.
– Vi vil gjenta at våre avtalar med IBU alltid har vore i tråd med marknadspraksis og breitt støtta av komitévedtak i IBU. Vi nektar eninkvar ulovleg påverknad på inngåinga av desse kontraktane, legg han til.
Austerriksk politi stadfestar også razziaen overfor NRK.
– Etterforskingsskritt mot tidlegare leiarar i IBU og eit marknadsføringsselskap for sportsrettigheiter har blitt gjennomført sidan 2023. Anklagene er tillitsbrot og korrupsjon. I den samanheng blei det i går gjennomført ytterlegare ransakingar i utlandet, skriv austerriksk økokrim til NRK. |
Publisert: 14:08 06-02-2024 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-02-2024 klokken 15:11. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ny-razzia-blir-knytt-til-besseberg-saka-1.16751492 Artikkelen har til nå hatt 125 visninger og 1 klikk.
|
|
|