|
|
Rundspelte i ein halvtime – så skjerpa United seg Allereie etter 20 minutt låg Manchester United under 2–0 heime mot Newcastle – og det kunne ha vore endå meir.
Alexander Isak og Joelinton scora begge på headingar etter fine angrep. Både Isak of Anthony Gordon hadde i same periode gode sjansar – utan utteljing.
Uansett var United oppe i 18 baklengs i desember, noko som ifølgje BBC ikkje hadde skjedd sidan mars 1964.
– Amorim må begynne å lure på kva lag han har tatt over her, sa Viaplay-kommentator Andreas Toft.
Newcastle køyrde på vidare. Isak fekk eit mål annullert og Sandro Tonali hamra ballen i stonga.
Då hadde Ruben Amorim fått nok.
Etter 33 minutt vart Joshua Zirkzee tatt av bana og erstatta av Kobbie Mainoo.
– Eg forsvarer det bytet. Amorim måtte gjere noko, meinte Viaplay-eksperten Nils Johan Semb.
Etter bytet skjerpa United seg kraftig, og kom til fleire store sjansar utover i kampen. Men Newcastle heldt unna og vann det underhaldande oppgjeret 2–0. |
Publisert: 22:52 30-12-2024 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-12-2024 klokken 22:52. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/rundspelte-i-ein-halvtime-_-sa-skjerpa-united-seg-1.17187353 Artikkelen har til nå hatt 100 visninger og 10 klikk.
|
|
|