|
|
Favoritt skuffa – to nordmenn på topp tre Fleire av favorittane har skuffa, som Marco Odermatt, som stod med siger i alle dei tre siste storslalåmrenna i verdscupen.
Odermatt er etter 1. omgang 90 hundredelar bak leiande sveitsiske Loïc Meillard i austerriske Schladming.
Både Alexander Steen Olsen og Henrik Kristoffersen (biletet) er derimot med i sigerskampen før 2. omgang.
Dei er høvesvis 11 og 24 hundredelar bak Meillard.
– Eg var nok litt heit på grauten ut av det siste henget. Då får eg det litt i sekken og bremsar litt. Bortsett frå det er det veldig bra. Rett over to tidelar er jo nesten ingenting. Eg er veldig glad, seier Kristoffersen til NRK.
Han varslar samtidig at han må trøkke litt meir til i 2. omgang.
Atle Lie McGrath og Timon Haugan ligg på høvesvis sjuande- og åttandeplass.
Lucas Pinheiro Braathen fekk ikkje heilklaff og la seg inn på 15. plass.
1. omgang pågår framleis. |
Publisert: 17:16 28-01-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-01-2025 klokken 18:37. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/favoritt-skuffa-_-to-nordmenn-pa-topp-tre-1.17226594 Artikkelen har til nå hatt 215 visninger og 9 klikk.
|
|
|