|
|
Vålerenga køyrte over Bodø/Glimt – Brann-helt Isaksen i tårer etter måldobbel og skade Thea Bjelde sende Vålerenga i leiinga på overtid i den fyrste omgangen mot Bodø/Glimt på Aspmyra.
Ikkje lenge etter kvilen la Tvedten på til 2–0. Karina Sævik med målgivande pasning då skotet frå Tvedten gjekk via eit Glimt-bein og i ein boge over Glimt-keeper Aubrei Corder.
Monica Isaksen blei avgjerande då Brann slo Hønefoss med same siffer, men måtte byttas ut rett etter at ho hadde scora sitt andre mål. På sidelinja brast ho ut i gråt.
– Eg var sliten og hadde vondt i kroppen. Det går betre nå, sa Isaksen til TV 2 etter kampen.
Vålerenga er serieleiar med 33 poeng etter 13 kampar. Brann er poenget bak.
(©NTB) |
Publisert: 15:54 14-06-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-06-2025 klokken 18:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/valerenga-koyrte-over-bodo_glimt-_-brann-helt-isaksen-i-tarer-etter-maldobbel-og-skade-1.17455420 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|