|
|
HamKam signerte ny spelar – avslørar at 18-åringen har trent under «falsk» namn Nigerianaren Peter Sunday (18) signerte torsdag kontrakt med fotballklubben HamKam. Namnet fekk enkelte til å stusse.
Sunday har trent med HamKam i ei lengre periode, og fekk sine fyrste minutt som innbytar i treningskampen mot KFUM.
I lokalpressa har han likevel blitt omtala som Peter Monday. No viser det seg at han eigentleg heiter Sunday.
«I ein fotballverd der alle er ute etter dei største talenta er det viktig å halde korta tett til brystet når ein finn spennande spelarar», skriv HamKam på eigne nettsider.
– Det er heilt bevisst at vi har kalla han Peter Monday. Når du har eit slikt namn så er det enkelt å lage ein spøk på det og ha det litt moro, seier sportssjef Jørgen Bjørn.
(NTB) |
Publisert: 17:19 26-06-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-06-2025 klokken 19:25. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hamkam-signerte-ny-spelar-_-avslorar-at-18-aringen-har-trent-under-_falsk_-namn-1.17471713 Artikkelen har til nå hatt 110 visninger og 9 klikk.
|
|
|