|
|
Slo tilbake etter pipekonsert Eit frustrert publikum buet og sende Brann i garderoben med pipekonsert mot Sandefjord i pausen, men då Joachim Soltvedt scora i sluttminutta og sikra tre poeng var nok alt tilgitt.
– Denne kampen her må vi lære litt av. Det er ein dårleg kamp av oss, sa matchvinnaren til TV 2 etter kamp.
Brann klatrar med sigeren måndag forbi Rosenborg og opp på sølvplass i Eliteserien. Laget ligg sju poeng bak serieleiar Viking.
Trass at «vi vinnar serien i år» til tider runga over Brann Stadion, var det tydleg eit skuffa heimepublikum som sende laga i garderoben til pause.
– Dei kan pipe viss dei vil. Vi gjere vårt beste. Vi prøver og vinne og så er vi ikkje heilt skarpe nok framfor mål. Vi har iallfall lukka igjen og så har vi ein omgang igjen, så alt kan skje, sa Felix Horn Myhre til TV 2 i pausen.
Brann-trenar Freyr Alexandersson fekk spørsmål om pipekonserten var fortent.
– Det synst eg ikkje, men folk må ha sine haldningar, svarte islendingen til TV 2.
Pipekonserten frå dei over 15.000 tilskodarane var ikkje til å misforstå. Heller ikkje gjestane frå Sandefjord varta opp med festfotball i første del av kampen.
Gjestane fekk eit mål annullert i første omgang for offside. |
Publisert: 18:56 30-06-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-06-2025 klokken 21:25. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/slo-tilbake-etter-pipekonsert--1.17475784 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 0 klikk.
|
|
|