|
|
Walisisk EM-lag i trafikkulykke Wales sitt fotball-lag hamna i ei trafikkulykke på veg til trening på St Gallen Arena tysdag, melder BBC.
Ingen blei skadd i ulykka.
Det walisiske landslaget var på veg til trening før kampen mot Frankrike på onsdag, men måtte avlyse treninga.
– Fotball er sekundært, sa trenar Rhian Wilkinson.
Fotballforbundet i Wales bekreftar at landslagsbussen har vore i eit trafikkulykke.
– Vi har prioritert å fjerne spelarar frå staden og returnert til treningsbasen for å fullføre førebuingane før morgondagens kamp.
– Det handlar om å ikkje overreagere – berre passe på at dei er samla og med dei riktige personane rundt seg for å kunne ta avgjerder, sa Rhian Wilkinson på pressekonferansen etter ulykka. |
Publisert: 14:43 08-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-07-2025 klokken 17:33. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/walisisk-em-lag-i-trafikkulykke-1.17485327 Artikkelen har til nå hatt 116 visninger og 9 klikk.
|
|
|