|
|
Tidlegare Sandefjord-trener Marti Cifuentes tek over Leicester Marti Cifuentes (43) har fått jobben med å leie Leicester tilbake til Premier League. For under fem år sidan var han i Sandefjord.
Spanjolen tek over Leicester-ansvaret etter Ruud van Nistelrooy, som blei med vidare etter nedrykket til nivå to.
– Det er ei stor ære å bli utnemnd til manager for Leicester City. Dette er ein fantastisk klubb med ein stolt historie, seier Cifuentes.
Han fekk mykje ros for trenarjobben han gjorde i Sandefjord frå 2018 til 2020. Klubben rykka ned frå Eliteserien i hans fyrste år, men gjekk rett opp att sesongen etter og imponerte i comebacket.
Cifuentes har sidan vore i danske Aab, svenske Hammarby og engelske Queens Park Rangers.
(NTB) |
Publisert: 17:19 15-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 15-07-2025 klokken 19:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tidlegare-sandefjord-trener-marti-cifuentes-tek-over-leicester-1.17493304 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|