|
|
Hushovd om netthetsen mot Uno-X-profilen: – Det finst nett-troll overalt Uno-X-ryttar Tobias Halland Johannessen fekk trugslar i innboksen etter kollisjonen med Tadej Pogacar onsdag.
– Hatmeldingar er ubehageleg, men dei har blitt ein del av toppidretten i dag. Når ein driv med toppidrett, må ein vere førebudd på å motta trugslar i sosiale medium, seier Uno-X-sjef Thor Hushovd.
Tobias Halland Johannessen delte på X at han hadde fått masse hatmeldingar etter onsdagens 11. etappe i Tour de France. Årsaka var at det norske samanlagthåpet var involvert i velten der sykkelstjerna Pogacar gjekk i asfalten i slutten av etappen.
Hushovd meiner at det ikkje burde vere slik, men at ein likevel må vere førebudd.
– Det finst nett-troll overalt, seier 47-åringen frå Grimstad og held fram:
– Det er ein del av idretten i dag. Det skjer også med ein fotballkeeper som gjer ein tabbe og slepp inn mål, og med dommarar. Slik er livet og sosiale medium.
(NTB) |
Publisert: 05:50 18-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 18-07-2025 klokken 08:07. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hushovd-om-netthetsen-mot-uno-x-profilen_-_-det-finst-nett-troll-overalt-1.17496428 Artikkelen har til nå hatt 11 visninger og 2 klikk.
|
|
|