|
|
Brasil forsvarte tittelen Brasil forsvarte Copa America-tittelen for kvinner med ein dramatisk 5–4-siger over Colombia etter straffesparkkonkurranse i finalen laurdag i Quito.
Dermed sikra Brasil seg sin niande kontinentale triumf.
Kampen enda 4–4 etter ekstraomgangar. Linda Caicedo gav Colombia leiinga i det 25. minutt, før Angelina utlikna frå straffemerket rett før pause.
Eit sjølvmål av Tarciane gav Colombia ny leiing i det 69. minutt, men Amanda Gutierres utlikna igjen ti minutt seinare.
Mayra Ramirez sende Colombia i føringa to minutt før full tid, men Brasils legende Marta utlikna langt på overtid og scora igjen i ekstraomgangane.
Leicy Santos sørga for 4–4 med eit praktfullt frispark, og kampen gjekk til straffar.
Der redda Brasils målvakt Lorena eit avgjerande skot frå Carabali og sikra sigeren.
(Reuters) |
Publisert: 01:14 03-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-08-2025 klokken 03:27. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/nyheter/brasil-forsvarte-tittelen-1.17514295 Artikkelen har til nå hatt 29 visninger og 0 klikk.
|
|
|